Coast Innovation A/S har inngått avtale med Namsos Trafikkselskap
om leveranse av ein hydraulisk landgang for ekspressbåten Namdalingen
som trafikkerer området mellom Namsos, Rørvik og Leka.
Landgangen som blir aktermontert og skal foldast inn til skroget når den
ikkje er i bruk, er eit heilt nytt konsept som er utarbeidd av Coast Innovation A/S.
Landgangen er hydraulisk styrt med teleskopisk forlengar og nedfoldbart rekkverk.
Denne landgangen vil gjere det mogeleg for passasjerar, rørslehemma og rullestolbrukarar
å komme seg om bord og i land uansett tidevassnivå på alle stoppeplassar langs ruta.
Landgangen skal byggast hos West Industriservice i Florø og skal leverast våren 2005.