Coast Innovation AS underteikna torsdag 1. juni ei OFU-kontrakt med Flora Hamn og Næring om utvikling og utprøving av ei ny type flytande bilbru. Innovasjon Norge støttar prosjektet.
Bilbrua skal plasserast i indre hamn i Florø der det blir anløp av 3 bilførande hurtigbåtar frå
2007 til nærområda i Flora Kommune.
Bilbrua er av same dimensjon som dagens bilbru på Svanøy og Askrova, men i staden for hydraulisk regulering så vil denne bilbrua flyte på ein oppdriftstanke på den enden som vender
mot båten. Under oppdriftstanken er der ein trimtanke med luftsøyle som kan regulerast med trykkluft for nøyaktig tilpassing til båten.
Coast Innovation har arbeidd med dette konseptet i fleire år, og teknologien byggjer på eit trimsystem nytta på store fôringsmodular i oppdrettsindustrien.
Bilbrua skal leverast hausten 2006, og ein reknar med at utprøving av konseptet vil være
ferdig før årsskiftet.